Pilotprosjektet MOR

”Motivasjon, Opplæring og Rettleiing” - ei MOR for Ryfylke

Sauda og Strand vidaregåande skular skal saman stå fram som regionale kompetansesentra for Ryfylke. Dette har fylkeskommunen slått fast. Me ønskjer å vera viktige møteplassar for arbeidslivet og slik medverke til nyskaping og innovasjon. Med dette pilotprosjektet vil me utvida nedslagsfeltet utover den tradisjonelle målgruppa som er 16-19-åringar.

I desember 2017 vedtok Stortinget ein merknad til Prop. 1, Kunnskapsdepartementet kap. 258 Tiltak for livslang læring der dei viser til «...at det er sett i gang fleire tiltak for å styrke livslang læring. For å få erfaringar med satsinga innan Nasjonal kompetansepoltikk vil ein be Kompetanse Noreg bidra til pilotprosjektet – «Motivasjon, opplæring og rettleiing (MOR) i Ryfylke, eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskolen i innlandet si karriererettleiingsutdanning og dei vidaregaånde skulane i Ryfylke».

Me  vrir tiltaket Utdanning i Ryfylke (UIR) til å bli ei MOR (”Motivasjon - Opplæring og Rettleiing”), i tråd med Nasjonal kompetansepolitikk 2017 – 2021 for ”Livslang læring”.
Målet blir då å:  

  • skreddarsy kurs og utdanningar
  • rettleia folk i jungelen av tilbod
  • skape møteplassar for arbeidslivet
  • vera møteplass for påfyll og integrering mot arbeidslivet 
MOR-ill

MOR skal vera i førstelineteneste ved skulane i Sauda og Strand, der verktøy, hus og kompetanse hos tilsette kan nyttast til å auke kunnskapsproduksjon for direkte nytte og resultat. Lokalt arbeidsliv kjenner eigne rammevilkår betre gjennom eiga involvering og deltaking. Ressursbruk vil vere knytt til avklarte behov med reelt grunnlag for utkome. Frå å vere passive tingarar, kan den som treng det sjølv påverke og styre det dei vil ha og få utdanning og kompetanseheving levert når dei treng det.

Fem tilsette ved skulane skal i lag med arbeidslivet skytte dette arbeidet.