Trygg når du arbeider med varme

Trygg når du arbeider med varme

22 elevar ved TIP-lina ved Strand vgs gjennomførte måndag kurset ”Varmt arbeid”. Eit teoretisk og praktisk kurs som er viktig å ha i arbeidsdagen for eksempel på ein byggeplass, der du driv montering og/eller reparasjons- og vedlikehaldsarbeid.

Kurset kjem i tillegg til elevane sin læreplan, men for dei alle fleste er det krav om slikt kurs når arbeidsdagen startar. – Derfor tilbyr me elevane på TIP og elektro dette kurset, slik at dei står sterkare når dei skal søkje læreplass, seier rektor Erik Danielsen. 

Kurset er uført av Nosefo på Tau og godkjent av Brannvernforeningen.

Del denne artikkelen på: