Læringsarena óg for dei over 20 år

Opplæringsdirektør i Rogaland fylkeskommune Joar Loland, møtte den vidaregåande skulen nyleg og fekk informasjon om prosjektet MOR; ”Motivasjon, opplæring og rettleiing”. 

Han var glad for at Stortinget i statsbudsjettet viser til prosjektet om livslang læring som dei vidaregåande skulane i Sauda og Strand arbeider med. Han presiserte at Strand vgs, som eit regionalt kompetansenter, vil ha ei viktig rolle i å tilby arbeidslivet og dei som bur her høve til å lære gjennom heile livet. 

MOR, ei vidareutvikling av ”Utdanning i Ryfylke”,  skal stå fram som ei førstelineteneste ved skulane i distrikta, der verktøy, hus og kompetanse til tilsette skal nyttast til å auka kunnskapsproduksjonen for direkte nytte og resultat. Ved å ta større ansvar for motivasjon, opplæring og rettleiing, er det naturleg at rådgjevarstabane ved skulane blir styrka og at NAV set av stillingsressurs til kvar skule.

Portrettbilde-av-Joar-Loland_imagelarge
Del denne artikkelen på: