Etter- og vidareutdanning

Mange vil etterutdanne seg ved Strand vgs. Nesten tretti personar har søkt om å starte på helsefagarbeidarutdanning.

Får me ti søkjarar opnar me og for dei som ynskjer fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Har du ikkje fagbrev og arbeider eller har lyst til å arbeide i SFO eller i barnehage kan dette vera utdanninga for deg. 

Det kan og bli tilbod for studiespesialiserande fag (generell studiekompetanse). Men per no har me litt for få elevar for å starte opp ein klasse denne hausten. Så har fleire lyst eller kjenner du nokon som går med tankar om å starte på dette, meld i frå og me kan få eit utdanningstilbod gitt i Ytre Ryfylke.  

  Tilbodet blir:

·        Norsk               190 timar 

·        Historie            80 timar  

·        Samfunnsfag    48 timar  

Undervisninga skjer på kveldstid/samlingar og eksamen blir som for ordinære elevar i vidaregåande skule.

Lurer de på noko ta kontakt med Einar Schibevaag, 91308972 eller sjå nettstaden til skulen.

Les meir her

Del denne artikkelen på: